TAN3008 - Tverrfagleg eksamen, tannhelsesekretær

Informasjon om tverrfagleg praktisk privatisteksamen i Tannhelsesekretær TAN3008

Informasjon om eksamensgjennomføringa  

  • Eksamen er tverrfagleg praktisk .
  • Privatisten skal møte presis til oppsett tid. 
  • Kandidaten må stille i uniform eller tilsvarande arbeidstøy/sko til bruk i klinikk. 
  • Kandidaten får ei omvising i elevtannklinikken og informasjon om eksamen 15 minutt før eksamen startar.  

Eksamenslokale 

Elevtannklinikken på Åsane vidaregåande skule, Åsane Senter 52, 5116 Ulset. Klinikken er i 4. etasje på rom 4083. 

Hjelpemiddel og utstyr 

Det er ikkje tillate å ta med hjelpemiddel inn i elevklinikken på eksamensdagen, av omsyn til smittevern. 

I elevklinikken vil det vere lagt ut aktuelle instrumenter, medikament og hjelpemiddel som kandidaten kan nytte seg av til dei ulike behandlingane. 

Førebuing til eksamen 

Overordna tema for privatisteksamen: EIN DAG PÅ TANNKLINIKKEN 

Før du kjem på eksamen bør du sette deg inn i ulike pasientbehandlingar og øve på dei tannhelsesekretæroppgåvene som er aktuelle for desse behandlingane. 

På eksamensdagen skal kandidaten trekkje eit oppgåvesett. Kandidaten skal utføre tannhelsesekretæroppgåvene som er knytt til desse behandlingane. 

Aktuelle oppgåvetema: 

Oppgavesett 1: VITALBEHANDLING (ENDO) av en tann hos pasient . 

Oppgavesett 2: PERIODONTITT + EX. Depurasjon av en kvadrant  og ekstraksjon av en tann. 

Oppgavesett 3: KONSERVERENDE TANNBEHANDLING av fleire tenner. 

Oppgavesett 4: NEKROSEBEHANDLING (ENDO) av en tann. 

Oppgavesett 5: KIRURGI. Pasienten skal fjerne en tann. 

Organisering av eksamen 

Eksamen varar i 1 time.  

Privatisten får 15 minutt i klinikken til å førebu / dekke opp til aktuell behandling. 

Praktisk gjennomføring av eksamen skjer på ca. 30 minutt. 

Etter gjennomføringa er det satt av ca. 15 minutt til samtale med sensor og her kan kandidaten få spørsmål og moglegheit til å utdjupe og grunngje vala sine i etterkant av den praktiske delen. 

Kompetansemål 

Alle kompetansemåla i læreplanen er aktuelle. 

Læreplan TAN k20 

Karakterbeskriving TAN3008   

Svært god kompetanse (karakteren 5–6)  

Kandidaten  

  • uttrykker særs god kompetanse i faget.
  • demonstrerer god innsikt og forståing.  
  • nytter kunnskap til å drøfte, vurdere, reflektere og grunngi eigne meninger. 
  • viser at hen ser samanheng og heilskap mellom teori og praksis, og demonstrerer dette i den praktiske delen av eksamen.  

God kompetanse (karakteren 3–4) 

Kandidaten

  • viser god kompetanse i faget.  
  • nytter kunnskap til å forklare / beskrive samanheng med eigne ord.  
  • gir eigne og relevante eksempel som viser innsikt og forståing.  
  • nytter fagkunnskap i den praktiske delen av eksamen.  

Grunnleggande kompetanse (karakteren 2) 

Kandidaten

  • nytter fagkunnskap under eksamen og i samtale med sensor, men grunngir i liten grad eigne val. 
  • nytter fagterminologi i liten grad 
  • meistrar i liten grad dei praktiske oppgåvene på eksamen, og grunngir eigne val i liten grad.  
  • mangler heilskapsforståing 

Karakteren 1 viser til at kandidaten har demonstrert svært låg kompetanse i faget. Eksamen er ikkje bestått. 

Vurdering 

Læreplanen og kompetansemåla ligg til grunn for oppgåvene og vurderinga på eksamen. Vurderinga legg vekt på kor stor grad kandidaten viser dugleik i gjennomføringa av den praktiske delen av eksamen og i samtalen med sensor. Karakteren er ei heilskapleg vurdering av den kompetansen kandidaten viser i eksamenssituasjonen på eksamensdagen.