Praktisk eksamen

Tar du eit yrkesfagleg utdanningsprogram som privatist? Då må du ta tverrfagleg praktisk eksamen der felles programfag inngår. Nokre fag frå studieførebuande utdanningsprogram har også praktisk eksamensform.

Du melder deg til eksamen på privatistportalen.

Ta kontakt med oss dersom du ikkje finn fagkoden din på privatistportalen.Les meir om oppmelding til privatisteksamen

Tverrfagleg  praktisk eksamen på vg2 og vg3 yrkesfag blir arrangert om våren og hausten. Les veiledande retningslinjer for tverrfagleg praktisk eksamen på denne sida.

Informasjon som gjeld nokre fag

Om våren blir tverrfagleg eksamen i følgjande fag arrangert i april:

  • APO3008 - Tverrfagleg eksamen apotekteknikk
  • HSE3008 - Tverrfagleg eksamen helsesekretær
  • TAN3008 - Tverrfagleg eksamen tannhelsesekretær
  • HES2008 - Tverrfagleg eksamen helseservicesekretær

Tverrfagleg eksamen i følgjande fag blir arrangert i Rogaland:

  • FOT2008 - Tverrfagleg eksamen fotterapi og ortopediteknikk
  • FOT3008 - Tverrfagleg eksamen fotterapi 

Merk! Om du er praksiskandidat skal du ikkje melde deg opp i tverrfagleg praktisk eksamen i yrkesfag. Om du er usikker på kva fagkode som gjeld deg kan du ta kontakt med ossDu kan lese om praksiskandidatordniga på denne sida.

Fagspesifikk eksamensinformasjon

Helse- og oppvekstfag