Nyskapande aktivitetsanlegg

Gode møteplassar er viktig for god folkehelse og gode nærmiljø. Vestland fylkeskommune vil stimulere til å utvikle og bygge enkle, lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Desse skal vere nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar.

illustrasjon av nytt uteområde på Etne ungdomsskule
Illustrasjon: Pir2 og LOCAL. Skakkeringen, Etne ungdomsskule. Nyskapande aktivt uteområde.

Utviklingstrendar viser nye fritidsvaner og ulik deltaking i fritidsaktivitetar. Mange unge sluttar med organisert idrett i ungdomsåra, og berre halvparten av 15-åringane er aktive nok (Handlingsplan for fysisk aktivitet). I tillegg rapporterer fleire om aukande grad av einsemd og psykiske utfordringar. Så korleis kan vi legge forholda til rette for meir aktivitet, også for dei som ikkje finn si plass i den organiserte idretten? Prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg tek utgangspunkt i lokalmiljøa sine behov innan idrett og fysisk aktivitet, basert på medverknad, eit breitt kunnskapsgrunnlag og berekraftige løysingar. Anlegga skal bygge på arkitektur av høg standard og bli naturlege samlingsstadar i lokalsamfunnet.

illustrasjon av hytter på stolpar på eit skuleområde
Illustrasjon: 3RW. Fugleberget, Hyllestad skule. Nyskapande aktivt uteområde

Mange kommunar har vist stor interesse for denne måten å jobbe på, og erfaringane så langt er gode. Gjennom prosjektet håpar vi å auke kompetansen både i fylkeskommunen, kommunane, idretten og blant ulike arkitektkontor. 

illustrasjon av ein teikneserie om uteområdet på skulen
Illustrasjon: 3RW. Arbeid med prosess og medverknad saman med elevar ved Hyllestad skule.

Eitt mål er å utvikle modellanlegg for uteområde ved skular. Eitt anna er å påverke ny politikk og innretting av statlege, fylkeskommunale og kommunale verkemiddel til anleggsutvikling. Fylkeskommunen samarbeider med Vestland idrettskrets, danske Lokale og Anlægsfonden (LOA), Tverga, KS og andre aktørar.

Pilotfasen (fase 1) - Uteområde knytt til skule: I 2020 har vi jobba med fire pilotprosjekt knytt til uteområde ved skular. Langeland barneskule på Stord, Fusa ungdomsskule i Bjørnafjorden, Austevoll ungdomsskule og Haugamyr i Nordheimsund i Kvam herad. 

Fase 2 - uteområde knytt til skule: Denne fasen har også fokus på skuleområde, og alle kommunar og vidaregåande skular i Vestland fylke kunne søke om å delta.

Kommunar og vidaregåande skular i Vestland fylke søkte tilskot til skisseplanlegging av gode og nyskapande aktivitetsanlegg, knytt til uteområde ved ein skule. Inntil åtte kommunar eller prosjekt blir valde ut. Dei utvalde prosjekta får tilbod om oppfølging og rettleiing frå Vestland fylkeskommune og Lokale og Anlægsfonden. Fire av desse vart valt ut, og har fått tilgang til arkitektfagleg prosesskompetanse. Dei fire som har vore med i fase 2 er Hyllestad skule, Florø ungdomsskule i Kinn, Etne skule og Olsvikåsen vidaregåande skule i Bergen. 

Fase 3 – idretts- og aktivitetshallar: Denne fasen har fokus på innandørs anlegg, både nybygg og anlegg som skal rehabiliterast.Den første runden etter søknadsfristen i mai er godt i gang, og etter 1. oktober skal vi sitte igjen med inntil 4 prosjekt som skal gå vidare med arkitektkompetanse.

Les meir i prosjektskissa.

Her har vi samla informasjon og publikasjonar som ligg til grunn for prosjektet. Forsking, rapportar og overordna planar og føringar.

FNs berekraftsmål

Sammen om aktive liv. Nasjonal handlingsplan for fysisk aktivitet (2020–2029)

Inspirasjon frå danske Lokale og Anlægsfonden - Drøn på skolegården

Desse fire kommunane deltok med pilotprosjekt då vi starta prosjektet om nyskapande aktivitetsanlegg.

Kommunane Etne, Bergen, Hyllestad og Kinn deltok i fase to av prosjektet med nyskapande aktivitetsanlegg. Fase to har handla om skuleområde. Våren 2022 leverte arkitektane sluttrapportane for kvart av prosjekta.

Dersom du ønskjer sluttrapportane for prosjekta i fase 2 tilsendt, ta kontakt på e-post med Hanne Espe.

Sveio, Samnanger, Sogndal og Bergen (Olsvikåsen vgs.) deltok i fase tre av prosjektet med nyskapande aktivitetsanlegg.

Etne, Øygarden, Luster, Gloppen deltok i fase fire av prosjektet med nyskapande aktivitetsanlegg.

Vestland fylkeskommunefekk i 2021 to millionar kroner frå Agenda Vestlandet til prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg. Pengane er likt delt mellom dei fire pilotprosjekta som har vore med sidan 2020.

Stian Davies er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering er glad for gåva og deltok på overrekkinga i Fusa 2. juni 2021.

– Dette er eit viktig prosjekt for fylket, og vi set enormt stor pris på gåva frå Agenda Vestlandet. Prosjektet går ut på å tenkje nytt om korleis vi skaper lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Det handlar om å skape gode lokalsamfunn med plass til alle, og vi er glade for at Agenda Vestlandet støttar dette, seier han.

Agenda Vestlandet er ei stifting under Sparebanken Vest.

Lenke til nyheitssak.