Dagsturhytta

Dagsturhytteprosjektet starta i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. No er hyttene kjende landemerke og populære turmål både i og utanfor Vestland fylke.

Sjå oversikt over alle hyttene.

 

Alle hyttene, både dei som er på plass og dei som kjem, skal ha eit nynorsk turbibliotek. Det skal stimulere til lesing, fremje nynorsk litteratur spesielt og gjere innbyggjarane betre kjent med det lokale biblioteket sitt. Det er dei kommunale folkebiblioteka som han ansvar for turbiblioteka. Bøkene gir farge og trivsel i hytta, og det å setje seg ned og ha lesestund i hytta er ein tilleggsdimensjon til turopplevinga som mange set pris på. 

Les meir om dei nynorske turbiblioteka.

Mange av dagsturhyttene har eigne sider og grupper i sosiale medium. Vestland fylkeskommune administrerer Facebook-kontoen Dagsturhytta Vestland og Instagram-kontoen Dagsturhytta.

Vi set stor pris på om de som legg ut bilete frå hyttene merkar oss. Vi kan dele vidare, og på den måten blir innbyggjarane og besøkande ambassadørar for dagsturhyttene.

fylkesatlas.no har vi eit eige kartlag med oversikt over kvar ein finn dei ulike dagsturhyttene

Prosjektet Knutepunkt for kunnskap har to mål, å dele kunnskap om kulturlandskapet rundt dagsturhyttene og å få turgåarar til å dele eigne historier, minner og kunnskap frå områda. Les meir om prosjektet i denne nyheitssaka og sjå videoen under. 

Dagsturhyttene er ein utmerka formidlingsarena. Det har vorte arrangert konsertar, teaterframsyningar, lesestunder og anna på og ved hyttene. Den kulturelle skulesekken har samarbeidd med skulane om framsyningar på nokre av hyttene.

Eit døme er forfattar Anders Totland som hadde 30 framsyningar for til saman 700 elevar på ungdomstrinnet i Sogn på dagsturhyttene. Forfattarbesøka gjennom DKS var eit samarbeid med seksjon for bibliotekutvikling og med kommunane ved skular og folkebibliotek. Eit anna døme er biblioteka som med midlar frå Nasjonalbiblioteket har hatt fleire litterære tilstellingar for skular, barnehagar og busette flyktningar og innvandrarar i kommunane.

Dagsturhytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim, og dette designet har vorte vidareført i tidlegare Hordaland. Men prosjektet i Sogn og Fjordane har gjort seg ein del erfaringar, som det vidare prosjektet i Vestland no dreg nytte av. Blant anna vil alle hyttene få vedomn.

Hyttene i Sogn og Fjordane vart bygde og leverte av Reknes Byggjevarer frå Masfjorden. Når nye dagsturhytter skulle byggast til hordalandskommunane var det Stad Kystbygg, eit ungt firma på Stadlandet, som vann anbodskonkurransen.

Det har heile vegen vore lagt opp til at kommunane kan invitere innbyggjarane med i prosjektet. Nokre døme på medverknad er namnekonkurransar, innspel til plassering, folkemøte og dugnad. Mange frivillige har bidrege med opparbeiding, og i ein del kommunar er det frivillige lag og organisasjonar som har fått driftsansvar for hyttene.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Hyttene vert i hovudsak finansierte av fylkeskommunale midlar, gåver frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og spelemidlar. Kommunane kan søkje spelemidlar for inntil 1/3 av kostnaden med hytta.