Er du redd for tannbehandling?

Vi legg gjerne til rette for deg om du har odontofobi eller du synest det er vanskeleg å møte eller gjennomføre tannbehandling. Du kan også avtale time for ein samtale med oss.

Ta kontakt med din tannklinikk slik at vi saman kan legge ein plan for korleis vi best kan hjelpe deg med di tannhelse. Finn din tannklinikk.

Unngår du tannbehandling heilt fordi du har veldig tannlegeskrekk? Eller har du opplevingar som gjer at du ikkje klarer tannbehandling? Vi kan hjelpe deg med det også - gratis.

Vi har eit tilrettelagt tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Målet med tilbodet er at du skal kunne klare å ta vare på tannhelsa di og meistre vanleg tannbehandling.

Behandlingstilbodet heiter TOO. Les meir om TOO-tilbodet i Vestland. Du finn også meir informasjon om TOO på den nasjonale nettsida tooinfo.no.