HSE3008 - Tverrfagleg eksamen Helsesekretær

Informasjon om tverrfagleg praktisk privatisteksamen i HSE3008 Helsesekretær

Oppmøte og eksamenslokale 

Privatisten bør møte ein halv time før eksamen startar. Det er mogleg å skifte og førebu seg til eksamen utanfor eksamenslokalet.  

Eksamen blir gjennomført i eit praksisrom på skulen.  

Rom 4084/4085/4091 i 4. etasje.   

Åsane vidaregåande skule, Adresse: Åsane Senter 52, 5116 Ulset. 

Praktisk informasjon om eksamen 

Eksamen varer i ca. 1 time.  

Eksamen er praktisk og tverrfagleg. 

Kandidaten skal stille i uniform eller tilsvarande arbeidstøy/sko som er foreinleg med skiftestue- og laboratoriearbeid.  

Før du kjem på eksamen bør du førebu deg på å gjennomføre ulike fagoppgåver som høyrer til ein helsesekretær sin arbeidskvardag og relevante prosedyrar. (resepsjonsarbeid/kontorfag, laboratorie– og/eller skiftestuearbeid) 

Kandidaten trekker ei oppgåve (1-2 situasjonsbeskrivingar) Kandidaten skal utføre helsesekretæroppgåver som er knytt til desse pasientbehandlingane.  

 Overordna tema for eksamen: EIN DAG PÅ JOBB SOM HELSESEKRETÆR 

Aktuelle praktiske oppgåver innanfor følgjande områder:  

  • Praktisk laboratoriearbeid  
  • Praktisk skiftestuearbeid
  • Praktisk kontorarbeid 

På praksisrommet vil det vere lagt ut aktuelt utstyr som kandidaten kan nytte seg av til dei ulike prosedyrane.  

Under den praktiske delen av eksamen er det ikkje forventa at kandidaten har erfaring frå dei same laboratorieapparata som Åsane videregående skule har på sitt laboratorie/skiftestue, men at hen kan vise kompetanse på tilsvarande utstyr. 

Organisering av eksamen  

Eksamen varer i ca. 1 time: 

Kandidaten trekk oppgåve(-r) og førebur seg ved å lese oppgåva og planlegg gjennomføringa i eksamenslokalet. Alle hjelpemiddel er tillatne. (ca. 15 minutt) 

Kandidaten gjennomfører den/dei praktiske oppgåvene (ca. 35 minutt)  

Etter gjennomføringa får kandidaten ein fagsamtale med sensorane. Her kan sensorane stille spørsmål og kandidaten får moglegheit til å utdjupe og grunngje vala frå gjennomføringa (ca. 10 minutt) 

Etter eksamen får kandidaten ein karakter og ein kort munnleg tilbakemelding frå sensorane. 

Vurdering og karakterbeskriving 

Læreplanen og kompetansemåla ligg til grunn for oppgåvene og vurderinga på eksamen. Vurderinga legg vekt på i kor stor grad kandidaten viser dugleik i gjennomføringa av den praktiske delen av eksamen og i samtalen med sensor. Karakteren er ein heilskapleg vurdering av den kompetansen kandidaten viser i eksamenssituasjonen på eksamensdagen.  

 Læreplanen i HSE3008 finn du på udir.no 

Alle tema i læreplanen er aktuelle på eksamen. 

Karakterbeskriving: 

Svært god kompetanse (karakteren 5–6)   

Kandidaten   

  • Viser og formidlar svært god yrkeskompetanse gjennom praktiske prosedyrer og teori med grunngjeving og dybdeforståing. 
  • Viser svært god heilheitleig tverrfagleg yrkeskompetanse når det gjeld rettar og plikter samt svært god bruk av eigne refleksjonar og eksempel i gjennomføringa. 

God kompetanse (karakteren 3–4)  

Kandidaten 

  • Viser og formidlar yrkeskompetanse gjennom praktiske prosedyrer og teori med ein del begjevingar og djubdeforståing.  
  • Viser helheitleg og tverrfagleg yrkeskompetanse når det gjeld rettar og plikter samt noko bruk av eigne refleksjonar og eksempel  i gjennomføringa. 

Grunnleggande kompetanse (karakteren 2)  

Kandidaten 

  • Viser og formidlar grunnleggjande yrkeskompetanse gjennom praktiske prosedyrer og teori med få grunngjevingar og får fram mindre djubdeforståig.  
  • Viser mindre helheitleg tverrfagleg yrkeskompetanse når det gjeld rettar og plikter samt begrensa bruk av eigne refleksjonar og eksempel i gjennomføringa. 

Karakteren 1 viser svært låg kompetanse i faget. Eksamen er ikkje bestått.