APO3008 - Tverrfagleg eksamen, apotekteknikk

Informasjon om tverrfagleg praktisk privatisteksamen i Apotekteknikk APO3008

Oppmøte og eksamenslokale

Privatisten møter presis til oppsatt tid.  
Omvisning i skuleapoteket og informasjon gis 15 minuttar før eksamen startar. 

Åsane vidaregåande skule, Åsane Senter 52, 5116 Ulset. 
Skuleapoteket er i 4 etasje, klasserom nr 4076. 

Praktisk informasjon om eksamen  

Skulen har PC med FarmaPro og skuleapotek. Det er ikkje tilgang til Reseptformidlar, så eksamen vil foregå med papirreseptar.  

Eksamensforma er praktisk og tverrfagleg. 

Alle hjelpemiddel unntatt kommunikasjon er tillatne på eksamen.
Privatisten kan ta med notatar på eksamen. Desse er ikkje del av vurderinga på eksamen. Merk! Direkte opplesning frå notat under eksamen, er lite egina til å vise kompetanse i faget. 

Tema for privatisteksamen: EIN DAG I APOTEK.

På eksamensdagen skal privatisten trekke oppgåvesett og utføre: 

  • Reseptekspedisjon (2-4 papirreseptar).
  • Kundesituasjon i sjølvvalet. Kunden kan ha 2-4 problemstillingar. 

Privatisten kan i etterkant av den praktiske delen få spørsmål om å utdjupe og grunngje vala sine i både reseptur og i sjølvvalet. 

Eksamen varar i 1 time.  

Vurdering 

Alle kompetansemåla i læreplanen er aktuelle.
Du finn læreplanen i APO3008 på Udir.no  

I vurderinga leggast det også vekt på at kandidaten tar omsyn til diskresjon og teieplikt. 

Privatisten følger gjeldande regelverk i arbeidet: 

  • Forskrift om stønad til dekning av utgifter til viktige legemiddel mv. (Blåreseptforskriften) 
  • Lov om apotek 
  • Lov om legemiddel 
  • Lov om helsepersonell 
  • Lov om pasient- og brukarrettar 
  • Bransjestandard-GAP 
  • Forskrift om rekvirering og utlevering av legemiddel fra apotek/Forskrift om rekvirering og utlevering av legemiddel m.m 

Karakterbeskriving APO3008  

Svært god kompetanse (karakteren 5–6)  

Kandidaten  

  • Anbefaler preparat til korrekt bruksområde ut frå kundens behov og fagleg forsvarleg kundebehandling med grundig og korrekt veiledning og kartlegging.  
  • Bruker bevisst opne/lukka spørsmål for å komme frem til anbefaling. 
  • Brukar kunnskap til å forklare/beskrive samanhengar med eigne ord.   
  • Ser og tar konsekvensen av samanhengar i legemiddelbruk innanfor kompetanseområdet 
  • Kjem med eigne relevante eksempel som visar innsikt og forståing. 
  • Gjennomfører effektivt og profesjonelt alle deler av signering av resept. 
  • Uttrykker særleg god kompetanse og innsikt i faget, og kan drøfte/reflektere og grunngi sine meningar 
  • Ser samanhengar og heilskap mellom teori og praksis og demonstrerer dette i den praktiske delen av eksamen.  

God kompetanse (karakteren 3–4)

Kandidaten 

  • Anbefaler preparat til korrekt bruksområde ut frå kundens behov og fagleg forsvarleg kundebehandling med korrekt veiledning og grundigare kartlegging.  
  • Bruker opne/lukka spørsmål for å komme frem til anbefaling 
  • Brukar kunnskap til å forklare/beskrive samanhengar med eigne ord.   
  • Alvorleg feilbruk avdekkast. Holdar seg innanfor kompetanseområdet. 
  • Kjem med eigne relevante eksempel som visar innsikt og forståing. 
  • Gjennomfører signering av resept med flyt, bruker og kan informere om refusjonsregler. 
  • Bruker fagleg kunnskap og viser god kompetanse i faget.   

Grunnleggande kompetanse (karakteren 2)

Kandidaten 

  • Anbefaler preparat til korrekt bruksområde ut frå kundens behov og fagleg forsvarleg kundebehandling 
  • Alvorleg feilbruk avdekkast. Holdar seg innanfor kompetanseområdet. 
  • Uttrykker seg på forståeleg norsk og forstår kva kunden seier 
  • Gjennomfører signering av resept og kan anvende vanlegaste refusjonsreglar 
  • Har problem med å gjennomføre dei praktiske oppgåvene på eksamen og å grunngi eigne val.   

Karakteren 1 beskriv svært låg kompetanse i faget og betyr at eksamen ikkje er bestått.  

Læreplanen og kompetansemåla ligg til grunn for oppgåvene og vurderinga på eksamen. Vurderinga legg vekt på kor stor grad kandidaten viser dugleik i gjennomføringa av den praktiske delen av eksamen og i samtalen med sensor. Karakteren er ei heilskapleg vurdering av den kompetansen kandidaten viser i eksamenssituasjonen på eksamensdagen.