Konferanse: Papirlause migrantar – vegen vidare

Vestland fylkeskommune arrangerer ny konferanse om situasjonen for papirlause migrantar 31. mai.

I desember 2023 arrangerte Vestland fylkeskommune ein konferanse om situasjonen for papirlause. Du kan sjå opptak av denne konferansen her.

Førre konferanse danna eit kunnskapsgrunnlag, medan vi denne gongen skal sjå på vegen vidare i arbeidet for å betre situasjonen for papirlause. Konferansen vil innehalde ei oppdatering på situasjonen slik den er no, korleis ein har løyst ulike utfordringar knytt til papirlause i andre nordiske land, og sjå på handlingsrommet på vegen vidare.

Målgrupper

Integrering er ei sektorovergripande oppgåve, og konferansen er såleis aktuell for mange ulike fagfelt som til dømes akademia, næring, opplæring, transport, helse med fleire. Dette er nokre av målgruppene for konferansen:

  • politikarar
  • frivillige lag og organisasjonar
  • offentleg og privat sektor innan integreringsfeltet

Program

Kl. 09.30: Kaffe, frukt og småprat

Kl. 10.00: Velkommen
Kva er gjort i Vestland det siste året?

Kl. 10.10: Korleis styrkar Bergen kommune tenestene til papirlause?
v. Heidi Beate Aasen m.fl.

Kl 10.30: From local decisions to national law - expanding access to healthcare and how it's implemented in Helsinki.
v. Moona Merikallio og Marian Ismail

Kl. 11.15: Kaffepause

Kl. 11.25: Sjukvård för papperslösa migranter - lösningar och utmaningar i en svensk kontext
v. Lau Dahlgren 

12.15: Lunsj

Kl. 13.00: Tannhelse og transportstønad til papirlause: kva er situasjonen no?
v. Kirkens bymisjon

Kl. 13.15: Gruppeaktivitet i forhandsinndelte grupper. 
Diskusjon rundt problemstillingar knytt til situasjonen for papirlause.

Kl. 13.45: Kaffe og diskusjon
Eit utval svar frå gruppeaktiviteten blir vist fram til felles diskusjon/refleksjon.

Kl. 14.00: Kva handlingsrom har vi på vegen vidare?
v/Vestland fylkeskommune

Kl. 14.30: Tid til spørsmål 

Kl. 14.50: Oppsummering og evaluering
v. Bente Blytt

Kl. 15.00: Vel heim!

Praktisk informasjon

  • Det er plass til 140 deltakarar på konferansen. 
  • Deltakaravgifta er 150 kr.
  • Påmeldingsfristen er 16. mai. Vi legg ut lenke til påmeldingsskjema så snart dette er klart.

Konferanse i desember 2023

Vestland fylkeskommune arrangerte også konferanse om situasjonen for papirlause i desember 2023. Då deltok over 90 personar og fekk med seg gode innlegg frå føredragshaldarar frå Universitetet i Bergen, Kirkens bymisjon og Senter for migrasjonshelse.

Les meir om konferansen i desember på denne lenka.