Stort engasjement for konferanse om papirlause

Over 90 personar deltok på konferansen om papirlause i Vestland tidlegare i desember. Mange kom til Vestlandshuset for å lære meir om situasjonen for papirlause.

Folk i Vestlandssalen på Vestlandshuset.
FULLSETT SAL: Politikarar, helsearbeidarar, organisasjonar og fagfolk møtte opp til konferansen i Vestlandssalen for å få meir kunnskap om dei papirlause flyktningane som lever i Vestland. (Foto: Ingelin Malene Malkenes/Vestland fylkeskommune)

Jacob Nødseth, leiar av hovudutval for kultur, idrett og inkludering, opna konferansen med ei videohelsing. Der siterte han tidlegare professor Inge Lønning: 

– Lønning sa at eit samfunn er aldri betre enn korleis det behandlar sine svakaste. Eg meiner det treff problemstillinga om papirlause, altså dei utan lovleg opphald i landet vårt. Desse menneska som har livet på vent, sa Nødseth  

Treng kunnskap for å hjelpe 

Vestland fylkeskommune arrangerte konferansen med god hjelp frå frivillige føredragshaldarar frå Universitetet i Bergen, Kirkens bymisjon og Senter for migrasjonshelse. Konferansen har kome til etter fleire politiske vedtak om å få meir kunnskap om papirlause migrantar i Vestland.  

– Dette er ein minoritet det kan vere vanskeleg å vite mykje om. Mange av dei lever på kanten av samfunnet og finst til dømes ikkje i offentlege register. Om vi skal hjelpe dei, treng vi kunnskap om dei. Fylkeskommunen har difor sett i gang arbeidet med eit kunnskapsgrunnlag som skal seie meir om kven dei papirlause er, kvar dei oppheld seg, kva levekår dei har, og kva tenester dei nyttar, fortel Bente Blytt, leiar for fageining folkehelse og integrering i Vestland fylkeskommune. 

Konferansen var gjort mogleg ved at deltakarane har betalt påmeldingsavgift, innsats frå tilsette i Vestland fylkeskommune, politisk engasjement og føredragshaldarar som stilte opp gratis. 

Mange dilemma 

På konferansen fekk vi høyre om utfordringane ein kan ha som papirlaus i Noreg, og korleis dette kan påverke både psykisk og fysisk helse hos dei det gjeld. Professor Henriette Sinding Aasen ved Universitetet i Bergen (UiB) tok føre seg det menneskerettslege når det gjeld handteringa av papirlause i Noreg.  

Føredragshaldar i Vestlandssalen.
Elisabeth Strømme frå institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen var ein av føredragshaldarane. (Foto: Ingelin Malene Malkenes/Vestland fylkeskommune)

– For å gje eit effektivt vern, må menneskerettane innarbeidast og avklarast i lovgjeving og praksis, sa Aasen.  

Det er mange dilemma når det gjeld papirlause flyktningar. Blant anna kan helsefremjande tiltak utfordre innvandringsregulerande tiltak og økonomiske rammevilkår sette av statlege styresmakter. 

Første konferanse om temaet 

Konferansen på Vestlandshuset 1. desember samla deltakarar frå kommunar (både administrasjon og politikarar), Alrek helseklynge, andre fylkeskommunar, frivillige organisasjonar og andre. Dette er den første konferansen Vestland fylkeskommune arrangerer om papirlause. Blant temaa var helsehjelp, velferdstenester og rettigheiter for papirlause.  

Føredragshaldarane var Henriette Sinding Aasen frå juridisk fakultet på UiB, Katrine Meisfjord frå Kirkens bymisjon, Elisabeth Strømme frå institutt for global helse og samfunnsmedisin ved UiB, Marry-Anne Karlsen ved sosialantropologisk fakultet på UiB og Rolf Vårdal frå Senter for migrasjonshelse.  

Føredragshaldar i Vestlandssalen.
Professor Henriette Sindig Aasen har skrive bok om temaet, og presenterte stoff frå dei siste publikasjonane sine, der set søkjelys på det menneskerettslege ansvaret Noreg har for situasjonen til papirlause. (Foto: Ingelin Malene Malkenes/Vestland fylkeskommune)

Aasen tok opp det menneskerettslege ansvaret, Meisfjord delte erfaringar frå Finland, Strømme og Karlsen sette søkjelys på helsehjelp og velferdstenester, medan Vårdal snakka om kva effekt det har på psykisk helse og livskvalitet å leve som papirlaus i Noreg.