Oppmoding om busetting av flyktningar i kommunane

Fylkeskommunen skal innanfor ramma av nasjonale kriterium for busetting vurdere og gje råd om kor mange flyktningar som skal busettast i dei einskilde kommunane. Målet er at flyktningar skal busettast i område der dei kan koma i arbeid og få utdanning og kompetanseheving.

Kva rammer har vi?

Busetting av flyktningar er eit samfunnsansvar som er tildelt kommunane og fylkeskommunane. Per i dag driv alle dei 43 kommunane i Vestland busettingsarbeid.

Integreringslova sett opp rammer for det fylkeskommunale ansvaret i busettingsarbeidet. Lova seier at fylkeskommunen skal anbefale kor mange flyktningar som bør busettast i den einskilde kommune i fylket (sjå integreringslovas § 4). Vestland fylkeskommune sitt ansvar er altså å gi tilrådingar til statleg mynde om kor mange flyktningar som skal busettast i kommunane. Tilrådingane skal vere innafor rammer og kriteria som Arbeids- og inkluderingsdepartementet sett fast. Dømer på kriteria frå departementet er spreidd busetting, befolkningstal, arbeidsmarknaden i kommunen og resultat på introduksjonsordninga. Fylkeskommunen presenterer årleg si tilråding til integrerings- og mangfaldsdirektoratet i samråd med Kommunesektoren (KS).

Kva mål har vi?

Fylkeskommunen sitt mål er å gje gode tilrådingar til staten om busetting av flyktningar i kommunane. Fylkeskommunen innhentar informasjon frå kommunane for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag. Fylkeskommunen rådgjev kommunane i busettingsarbeidet gjennom direkte dialog og med fagleg kompetanseheving.

Kva verktøy har vi?

Fylkeskommunen gjer direkte rådgjeving til kommunane, er vertskap for konferansar og seminar, og gjer tilrådingar til staten. I arbeidet med tilrådingar nyttar vi dialog med kommunane, fylkeskommunens eige kunnskapsgrunnlag og nasjonale databasar.

Kva gjer vi?

Fylkeskommunen har direkte dialog med kommunane kvart år, kor vi hentar informasjon om deira kapasitet på busetting- og integreringsfeltet. Spørsmåla til kommunane handlar mellom anna om korleis det går med kvalifiseringsarbeidet, om kommunen har tilstrekkelege eigna bustader, korleis arbeidsmarknaden er og korleis kommunen opplev samarbeidet med fylkeskommunen. I dialogen med kommunane kan dei  òg melde inn anna relevant informasjon.

Fylkeskommunen samanfattar informasjon på busettingsfeltet og delar denne med kommunane, mellom anna i nyheitsbrev. Vidare sett fylkeskommunen saman forskjellige seminar og konferansar som kan gje kompetanseheving for busettingskommunane. Du kan lese meir om dette på denne sida.