Digitale samlingar og nyheitsbrev for integreringsfeltet

Fylkeskommunen sender månadleg ut digitalt brev om siste nyhende på integreringsfeltet. Ynskjer du å stå på kontaktlista vår? Send oss ein e-post om dette!

Vi arrangerer også digitale samlingar for kommunar og organisasjonar som arbeider med integrering i Vestland fylke. 

Digitalt nyheitsbrev

I det digitale brevet deler fylkeskommunen informasjon om komande arrangement og hendingar for alle som er interesserte i integreringsfeltet i Vestland.

Digitale samlingar

Fylkeskommunen skal understøtte, vere pådrivar for, samordne, og fremje integreringsarbeidet i kommunane. Eit av verkemedlane vi har er å lage digitale møteplassar for aktørar på intergreringsfeltet. Invitasjonar til dei einskilde samlingane delast i nyheitsbrevet eller direkte på e-post til integreringskontaktane våre. 

Komande samlingar

"Saman for inkludering: Korleis legge til rette for samarbeid om integreringsarbeid på Vestlandet" OBS: NY DATO BLIR 15. MAI
Korleis kan kommunane jobbe på tvers av einingar i den einskilde kommune, og saman med andre vestlandskommunar i arbeidet med busetting og integrering av flyktningar?

Tidlegare samlingar

"Bustadar til alle? Kva rammar og verkemidlar har vi?"
Fylkeskommunen, Statsforvaltar og Husbanken fortel om korleis kommunane kan arbeide for å løyse bustadutfordringar.

"Frukostwebinar - Integrering"
Fylkeskommunen gjer informasjon om kva rolle dei skal spele i integreringsarbeidet i Vestland.