Informasjon til sensorar og oppgåveprodusentar

Godtgjering sensoroppdrag

På høgre side finn du lenke til retningslinjer for godtgjering av sensoroppdrag på privatisteksamen. 

Registrere utlegg i samband med sensoroppdrag

Om du har utgifter i samband med sensurarbeid, som til dømes reiseutgifter, skal du bruke Visma Expense for å registrere utgiftene. Påloggingsinformasjon blir sendt til den e-postadressa du er registrert med.

Visma Expense er ganske  lett å finne fram i. Det er merka med raude stjerner der ein må fylle ut og ein kjem ikkje vidare om ein ikkje har fylt ut alt ein skal. Her er nokre videosnuttar som viser korleis ein kan komme i gang og korleis registrere.

Når du legg til ny reiserekning må du velje skulen du fekk oppdraget av i feltet Organisasjonseining. Gje reiserekninga eit relevant namn. Sjå døme på dette skjermbildet frå Visma Expense.

Vi tilrår at du lastar ned Visma Employee appen, med den kan du ta bilde av utlegg og registrere køyrebok. Du kan også sjå lønsslippen din her. Denne kan du lagre som snarveg på telefonen så har ein den lett tilgjengeleg når ein er på reise.

Godtgjering for sensur og klagesensur av skriftleg eksamen

Vi hentar ut honorargrunnlaget frå PAS og du får utbetalt honoraret automatisk. Du skal ikkje sende inn krav om honorar til oss.

Godtgjering for oppgåveproduksjon

Alle som produserer oppgåver for Vestland fylkeskommune ved lokalt gitt skriftleg eksamen (nytt eksamenssystem) skal bruke skjemaet i lenkemenyen for å registrere utført oppdrag.