YF - Tverrfagleg praktisk (P) eksamen

Fylkeskommunen sine retningslinjer må sjåast på som tillegg til forskrifta og rundskrivet til Udir.

§3-24 Melding til eksamen (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

Skulen har plikt til å melde opp eleven til eksamen. Det er fastsett i læreplanenen LK20 om faget avsluttast med eksamen eller ikkje, inkludert om eksamen er obligatorisk eller avgjerast etter trekk...

Vestland sine retningslinjer

Skulen må legge til rette for at melding om eksamen blir tilgjengeleg for elevane.

For obligatorisk tverrfagleg praktisk eksamen vert eksamensdatoar tilgjengeleg for elevane på same dag som melding om skriftleg eksamen.

Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/ lærebøker.  

§ 3-27 Førebuingsdel (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

...førebuingsdelen er ein del av opplæringa. Dette sjåast i samanheng med at førebuingsdelen skal avhaldast på verkedagar...

...Dette inneber at førebuingsdagen(e) er obligatorisk skuledag. Det betyr at elevane skal ha tilgang til skulen sine lokalar, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar...

...Det framgår av læreplanen om eksamen skal ha førebuingsdel. Dette er nytt med LK20...

...det er kompetansen som synast på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.

Vestland sine retningslinjer

Dersom det framgår i læreplanar etter LK20 og LK20S at faget skal ha førebuingsdel, skal førebuingsdelen vere 48 timar. 

Skulen vel korleis dei vil organisere obligatoriske førebuingsdagar. Eleven får utlevert førebuingsdelen på første førebuingsdag. Eleven har rett til ein førebuingsdag med faglærar og tilgang til spesialrom og anna relevant utstyr. 

Førebuingsdag med faglærar:             

Faglærar skal vere tilgjengeleg for eventuelle spørsmål. Skulen skal legge til rette for bruk av spesialrom og relevant utstyr denne dagen.

Førebuingsdag utan faglærar:

Elevane har rett på tilgang på skulen sine lokalar.  Skulen avgjer utifrå kapasitet og liknande om elevane skal ha tilgang til spesialrom/utstyr denne dagen.

Faglærar på førebuingsdagen treng ikkje å vere sensor 1. 

3-25 Eksamensformer og varigheit (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

...Det er nytt at Utdanningsdirektoratet fastset tidsrammene for dei ulike eksamensformene. Tidligare har dette vore fastsett i forskrifta...

...Tidsrammene for praktisk eksamen er inntil 5 timar per kandidat...

Vestland sine retningslinjer

Eleven har rett på å vere i vurderingssituasjon i minst ein time og inntil fem timar.

Eksamensforma er praktisk, og eksamen må gjennomførast med vurderingssituasjonar der eleven i stor grad får høve til å vise sin kompetanse i praksis.

Det kan vere aktuelt med meir «munnlege» eller "skriftlege" vurderingssituasjonar, men desse bør normalt knyttast opp mot praktiske vurderingssituasjonar. Ein fagsamtale skal ta utgangspunkt i den praktiske vurderingssituasjonen og normalt ikkje utgjere meir enn enn 1/4 av den totale eksamenstida.

Vurderingssituasjonen kan vere gruppevis eller individuelt, der eksamenstida er den samla tida for individuell vurdering av kvar enkelt elev. Til dømes kan gruppevis eller individuell planlegging vere ein vurderingssituasjon, dersom planlegging er ein del av læreplanmåla i faget.

Bruk av hjelpemiddel

 Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

...Tilgang til eller avgrensingar i digitale eller andre former for hjelpemiddel til eksamen, bør grunngjevast ut fra kompetansemåla i læreplanen, faga sin eigenart, faget sitt nivå og eventuelle nye digitale oppgåveformat.

Vestland sine retningslinjer

Alle hjelpemiddel utanom ekstern kommunikasjon er tillate på praktisk eksamen.

Skulane må organisere eksamen slik at elevane ikkje kan kommunisere digitalt. Her kan det til dømes vere aktuelt å nytte tilgangsstyring for nettilgang, og/eller vakter.

Faglærar bør på førebuingsdagen drøfte med elevar kva hjelpemidlar som er teneleg/ikkje teneleg å bruke under eksamen.

På eksamensdagen har eleven høve til å bruke alle hjelpemiddel som ikkje tillet ekstern kommunikasjon til å vise kompetansen sin. Sensor må observere kandidaten  gjennom heile vurderingssituasjonen.

Under sjølve eksamen kan eleven ta med seg notat, uavhengig av format, frå førebuingsdelen. Også bilete, grafar, lovverk og anna som kandidaten har vald ut for å vise kompetansen, kan reknast som notat.

Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbildete-presentasjon er lite eigna til å vise kompetanse i faget.   

§ 3-28 Sensur på lovdata.no

Udir (rundskriv 2-2020)

..Første ledd fastsett at det skal alltid vere to sensorar, både ved sentralt og lokalt gitt eksamen...

...Tredje ledd fastslår at ved lokale eksamenar skal minst ein av dei to sensorne vere ekstern. Faglærer skal være sensor dersom skoleeier ønsker det. Dersom sensorane ikkje er einige i vurderinga av ein kandidat, avgjer den eksterne sensoren. 

Vestland sine retningslinjer

Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen.

Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen for kvar kandidat. Førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.

Hovudregelen er at eleven skal få karakteren med ein gong. Eleven har rett på munnleg grunngjeving for karakteren.

§ 5-10. Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven. 

Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt. 

Vestland sine retningslinjer

Informasjon om klage på eksamen finn du her.