Munnleg-praktisk (MP) eksamen

Fylkeskommunen sine retningslinjer må sjåast på som tillegg til forskrifta og rundskrivet til Udir.

§3-26 Trekk til eksamen (lovdata.no)

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Skulen skal gi eleven melding om kva fag eleven er trukket ut i 48 timar før eksamen startar. Heilagdagar eller høgtidsdagar skal ikkje telje med i dei 48 timane.  

Trekkordninga for grunnskule og vidaregåande

Vestland sine retningslinjer

Skulen må legge til rette for at melding om trekk blir tilgjengeleg for elevane. Elevane har ansvar for å skaffe seg den informasjonen dei treng og eventuelt lærestoff/ lærebøker.  

§ 3-27 Førebuingsdel (lovdata.no)

Udir (Reglar for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

For læreplanar etter LK20 og LK20S framgår det av vurderingsordninga i læreplanen om faget skal ha førebuingsdel til munnleg-praktisk eksamen. Førebuingsdelen  skal ha minimumstid på 24 timar og maksimumstid på 48 timar, og fastsettast av dei som er ansvarleg for å utarbeide eksamen.

For læreplaner i LK06 fastsett fylkeskommunen om lokalt gitte skriftlege, muntleg-praktiske eller praktiske eksamener skal gjennomførast med førebuing.

...Skulen kan ikkje gjennomføre lokalt gitt eksamen med førebuing på måndagar, eller første dag etter offentlege heilagdagar eller høgtidsdag....

...Førebuingsdagen(e) er obligatorisk skuledag(ar), og elevane ha rett på eit pedagogisk tilbod. Det betyr at eleven skal ha tilgang til skulen sine lokal, kunne samarbeide med andre og ha tilgang til rettleiing frå ein faglærar...

Vestland sine retningslinjer

Oppdatert 25.10.2023

Dersom det framgår i læreplanar etter LK20 og LK20S at faget skal ha førebuingsdel, skal denne vere 24 timar med mindre det er fastsett andre reglar for faget.

Førebuingsdel for utdanningsprogrammet MDD er 48 timar for alle læreplanar.  

Elevane trekk eller får utlevert eit tema/ei problemstilling/ ei oppgåve. I tillegg kan dei få ei kort forklaring til temaet/problemstillinga/oppgåva, eventuelle tekstar eller kjelder til bruk i førebuingsarbeidet.  Dei kan også få utlevert moment som kjenneteiknar eit godt eksamenssvar. Temaet/problemstillinga/oppgåva må vere slik at eleven får høve til å vise både breidde- og djupnekompetanse i faget.

Førebuingsdagen er ein obligatorisk skuledag, der elevane må vere på skulen minimum tre klokketimar.  

På førebuingsdagen skal eleven ha tilgang til ein faglærar. Dette bør helst vere faglæraren til eleven, som også organiserer og gjennomfører førebuingsdagen.                                             

§ 3-22 Om eksamen

....Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Vestland sine retningslinjer

Sensorane skal stille spørsmål som gir eleven høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg. Sensorane skal leite etter kompetansen kandidaten har, ikkje etter det eleven ikkje kan.

I fag der det ikkje er naturleg å kommunisere med eleven i den praktiske delen, skal den praktiske delen utgjere hovuddelen av tida eleven står i vurderingssituasjonen.

3-25 Eksamensformer og varigheit (lovdata.no)

Udir (rundskriv 2-2020)

Det er nytt at Utdanningsdirektoratet fastset tidsrammene for dei ulike eksamensformene. Tidligare har dette vore fastsett i forskrifta.

Gjennomføring av lokalt gitt munnleg-praktisk eksamen kan vare inntil 45 minutt for kvar elev.  

Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven umiddelbart få vite karakteren.  

Dersom sensorene ikke er enige i vurderingen av en elev, avgjør den eksterne sensoren.

Målet med gjennomføring av eksamen er at eleven skal få høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg utifrå kva som er mogleg innafor eksamensforma (JF. §3-22, første ledd). Det er kompetansen som synast på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget, jf. §3-27. 

Bruk av hjelpemiddel

 Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Tilgang til eller avgrensingar i digitale eller andre former for hjelpemiddel til eksamen, bør grunngjevast ut fra kompetansemåla i læreplanen, faga sin eigenart, faget sitt nivå og eventuelle nye digitale oppgåveformat.

Vestland sine retningslinjer

Alle hjelpemiddel utan kommunikasjon er tillate på munnleg-praktisk eksamen.

Under sjølve eksamen kan kandidaten ta med seg notat, uavhengig av format, frå førebuingsdelen. Også bilete, grafar, lovverk og anna som kandidaten har vald ut for å vise kompetansen, kan reknast som notat.

Direkte opplesing frå notat, momentliste eller lysbilete-presentasjon er lite egna til å vise kompetanse i faget.   

§ 3-28 Sensur på lovdata.no

 Udir (rundskriv 2-2020)

...Første ledd fastsett at det skal alltid vere to sensorar, både ved sentralt og lokalt gitt eksamen...

...Tredje ledd fastslår at ved lokale eksamenar skal minst ein av dei to sensorne vere ekstern. Faglærer skal være sensor dersom skoleeier ønsker det. Dersom sensorane ikkje er einige i vurderinga av ein kandidat, avgjer den eksterne sensoren. 

Vestland sine retningslinjer

Gjennom god dialog skal sensorane planlegge den praktiske gjennomføringa av eksamen. Sensor 1 har ansvar for å opprette kontakt med Sensor 2. Sensor 2 har ansvar for å skaffe seg tilstrekkeleg informasjon før eksamen

§ 3-28 Sensur på lovdata.no

 Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Karakteren skal settast på individuelt grunnlag. Når sensorane har diskutert seg fram til karakter, skal eleven umiddelbart få vite karakteren.  

Dersom sensorene ikke er enige i vurderingen av en elev, avgjør den eksterne sensoren.

Målet med gjennomføring av eksamen er at eleven skal få høve til å vise kompetanse i så stor del av faget som mogleg utifrå kva som er mogleg innafor eksamensforma (JF. §3-22, første ledd). Det er kompetansen som synast på eksamensdagen som skal vurderast og førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget, jf. §3-27. 

Vestland sine retningslinjer

Karakteren skal setjast på grunnlag av heile eksaminasjonen, og gi uttrykk for kompetansen til eleven slik den kjem fram på eksamen. 

Eleven har rett på munnleg grunngjeving.  

§ 5-10. Klage på karakter ved munnleg eksamen. Klageinstans og klagebehandling

 Udir (Regler for munnleg og munnleg-praktisk eksamen)

Eleven har rett til å klage på formelle feil som har hatt noko å seie for eksamensresultatet. Til munnleg eksamen er det ikkje høve til å klage på karakteren. Ved spørsmål om klage, har skulen ansvar for å rettleie eleven. 

Dersom eleven får medhald i ein klage, blir eksamenskarakteren annullert. Eleven kan velje om ho eller han vil gå opp til ny munnleg eksamen, med ny sensor. Viss eksamenen er trekkfag i vidaregåande, skal faget trekkast på nytt. 

Vestland sine retningslinjer

Informasjon om klage på eksamen finn du her.