Vestlandsrådet

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal.

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet skal gjennom Vestlandsrådet

  • koordinere den politiske innsatsen til beste for landsdelen
  • fremme politiske saker av felles interesse
  • aktivt påverke rammevilkår for landsdelen og medlemsfylka
  • skape samhandlingsarenaer på Vestlandet
  • ta initiativ til samarbeidsprosjekt på tvers av fylkesgrensene
  • støtte tiltak som fremjar felles identitet og kultur
  • ha ei aktiv rolle i å koordinere saker relaterte til Nordsjøregionen, som har betydning for Vestlandet

Eit slikt utviklingsorientert, fagleg og politisk samarbeid skal styrke Vestlandsregionen både nasjonalt og internasjonalt.

To satsingsområde

  • Verdiskaping og sysselsetting
  • Samferdsel og kommunikasjon

Medlemmar

Vestlandsrådet har 18 medlemmer, seks frå kvart fylke. Representantane er valde av og blant medlemmane i fylkestinget.

Fylkesordførar og fylkesvaraordførar skal vere medlemar av rådet. Leiinga av Vestlandsrådet går på omgang blant fylkesordførarane med intervall på eitt år. Møre og Romsdal fylkeskommune har leiinga av Vestlandsrådet i 2024, og leiaren av rådet er fylkesordførar Anders Riise.

Representantar frå Vestland fylkeskommune 2023–2027

  • Jon Askeland (Sp)
  • Stian Davies (Ap)
  • Nils-Anders Nøttseter (MDG)
  • Silje Ekeland Bjørkly (H)
  • Sigbjørn Framnes (FrP)
  • Bente Spissøy (uavhengig)