Den neste utviklingsplanen

Utviklingsplan for Vestland 2024-2028, regional planstrategi, skal vere klar hausten 2024. Følg prosessen og sjå det ferske kunnskapsgrunnlaget med den siste statistikken, fakta og dei nyaste utviklingstrekka.

 

illustrasjon, collage av foto og teikning som syner at Bryggen i Bergen står under vatn, der skilt og buss og bilar ligg velta i vatnet, under ein oransje og stormfull himmel herja av skyer og lyn og uver. Ei gul gummiand med kommunistlue flyt på vatnet framfor Bryggen.
Vil Vestland blir råka av klimaendringar utløyser panikk og øydelegg infrastruktur? Må velferda reddast av kunstig intelligens? Utviklingsplanen skal gjere oss meir robuste i møte med tenkte framtidsbilde som dette. illustrasjon: Martin Losvik

Kunnskapgrunnlag for ny utviklingsplan

Utfordringsrapporten oppsummerer alle kunnskapsgrunnlaga. 

Heile kunnskapsgrunnlaget

Sjå presentasjon av kunnskapsgrunnlaget

Kunnskapgrunnlaget/Den neste utviklingsplanen i fylkestutvalet 19/9 2023, nett-tvSjå tidspunkt: 01.07.25

Prosess, ny utviklingsplan

  • 2022/23: Arbeid med kunnskapsgrunnlaget. 
  • 2023, november: Det nye fylkestinget starta opp arbeidet. 
  • 2024, januar: Opne dialogmøte rundt om i fylket med innspel til planen, sjå Facebook-arrangement hjå Vestland fylkeskommune på Fb. 
  • 2024, juni: Framlegg til ny utviklingsplan blir sendt på høyring. 
  • 2024, desember: Utviklingsplan for Vestland 2024-2028 blir vedtatt i fylkestinget.

     

Samarbeid i fylket

Kunnskapsgrunnlaget er blitt til gjennom eit breitt samarbeid i fylket med fylkeskommunen som planmyndigheit. Det har vore spørjeundersøkingar, framsynsverkstadar og intervju med representantar frå kommunane, organisasjonsliv, ungdomsrepresentantar, frivillig sektor, næringsliv og andre samfunnsaktørar. 

– Verda er i endring, kanskje meir enn på lenge med auka interasjonal beredskap, prisauke og klimaendringar, og vi i Vestland må sjå verknadane og takle dei i lag framover.

            Tina Kvammen Mjøs Sinclair, prosjektleiar 

Scenario Vestland 2040- blir framtida slik?

Fire framtidsscenario i Scenario Vestland 2040 skildrar korleis Vestland kan sjå ut i 2040. Dei skal inspirere til å finne løysingar og sjå moglegheiter: 

  • Klimaherja Vestland:
    Soga om korleis Vestland vert råka av stadig fleire og meir brutale klimaendringar og naturhendingar, noko som utløyser forvirring
  • Nøysame Vestland:
    Vestland og Norge opplever ein tøffare røyndom etter å ha trekt i naudbremsen for å nå nullutsleppsmålet.​
  • KI-drivne Vestland:
    Soga om eit Vestland som har mista unge med yrkesfagleg kompetanse og som satsar på kunstig intelligens for å redde velferda.
  • Tryggleiksvestland
    Vestland må ta eit endå tyngre ansvar for norsk og europeisk energi- og forsyningstryggleik i ei uroleg tid.

Fylket har hatt støtte i arbeidet av By- og regionforskningsinstituttet NIBR-OsloMet, Nordlandsforskning og Dietz Foresight.