Personvernombod i Vestland fylkeskommune

Maj Britt Brendstuen er personvernombod i Vestland fylkeskommune.

Kva kan personvernombodet hjelpe deg med?

Ho kan hjelpe deg med spørsmål knytta til fylkeskommunen si behandling av dine personopplysningar, og kva rettar du har i samsvar med personvernlova. 

Typiske tema du kan kontakte personvernombodet om kan vere innsyn i eigne personopplysninger eller retting av gale personopplysningar som fylkeksommunen har om deg. Personvernombodet kan gi råd og  bringe saker vidare i eigen organisasjon.

Personvernombodet har teieplikt

Du skal vere trygg på at kommunikasjonen mellom deg og personvernombodet forblir mellom de to. 

Du må ikkje sende sensitive personopplysningar på e-post eller SMS. Slike opplysningar må du enten ta munnleg via telefon, eller bruke sikker e-post via eDialog. Brukar du eDialog skriv då "Personvernombod" i tittel. 

Samarbeid med Datatilsynet

Personvernombudet samarbeidar med Datatilsynet og er fylkeskommunen sitt kontaktpunkt for tilsynet ved eventuelle spørsmål. Ved behov kan ombodet også rådføre seg med tilsynet.

Les om dine rettar på sida til Datatilsynet