Kunsten i Vestlandshuset

I Vestlandshuset kan du sjå fleire flotte kunstverk. Når Vestland fylkeskommune byggjer nye bygg, skal 1,2 prosent av byggekostnadane gå til kunst, kjøpt inn av eit kunstutval. Dei overordna tankane for kunsten i Vestlandshuset har vore at han skal vekke merksemd og interesse, ha høg kunstnarisk kvalitet, kommunisere med brukarane og forbipasserande - og vere solid og varig.