Kystskogmidlar 2024

Fylkeskommunane i Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark lyser no ut Kystskogmidlar for 2024.

Føremålet med kystskogmidlane er å bidra til å løyse kystskogbruket sine særlege utfordringar, og vidareutvikle eit næringsretta skogbruk i kystfylka frå Agder til og med Finnmark, mellom anna gjennom infrastrukturtiltak og kompetanse.

Kystskogbruket ved fylkeskommunane mottar årleg kystskogmidlar over Statsbudsjettet, framforhandla over Jordbruksavtalen. Ramma i år er 6 millionar kroner.

Prosjekta skal vere fylkesoverskridande fellestiltak som bidreg til å nå måla i Melding om kystskogbruket 2022.