Frivilligheit og deltaking

Det er eit politisk mål å auke innvandrarar si deltaking i samfunnet. Godt samarbeid med frivillig sektor og andre regionale aktørar er viktig om Vestland skal nå dette målet.

Kva rammer har vi?

Frivilligstrategi for integreringsarbeidet i Vestland fylkeskommune for 2024 byggjer på Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 og regional plan for kultur for 2023–2035, «Kultur bygger samfunn». Å vere frivillig har ein eigenverdi, samstundes som frivilligheita skaper store verdiar for samfunnet.

Grunnregelen er at frivillig sektor skal vere sjølvstendig og sette eigne mål, mens det offentlege skal bygge opp under det frivillige kulturlivet og syte for gode og føreseielege rammevilkår.

Kva mål har vi? 

Vestland fylkeskommune vil støtte opp om frivilligheitsarbeid med å utvikle nettverk og paraplysamarbeid. Eit mål er å styrke det regionale samarbeidet på tvers, blant anna gjennom å vise til potensielt utvida samarbeid med organisasjonar innan fagfelt som folkehelse, idrett, friluftsliv, kultur og meir.

Gjennom informasjonsdeling og samlingspunkt som konferansar, seminar, webinar og deling av dømer på gode tiltak, ynskjer vi å stimulere til utviklingsarbeid i organisasjonane og styrke samarbeidet mellom fylkeskommunen og organisasjonar. Fylkeskommunen vil også fasilitera samarbeid og nettverksbygging mellom organisasjonane. 

Kva verktøy har vi?

Vestland fylkeskommune vil stimulere dei frivillige organisasjonane gjennom tilskotsordningar. I 2024 vedtok utval for kultur, idrett og inkludering endringar i krav, mål og vilkår i prosjekttilskota til integrering. Vestland fylkeskommune delar no ut to faste prosjekttilskot, som du kan lese meir om her.

Frivillige organisasjonar er blant dei som kan søke, og dei siste åra har vi støtta fleire ulike tiltak som fremjar integrering og inkludering. Døme på organisasjonar som har fått stønad er Papillon, Unity Spark, Hordaland Røde Kors, Redd Barna og fleire. 

Fylkeskommunen delar også ut driftsstønad til etablerte organisasjonar som til dømes Kirkens Bymisjon, Stiftinga Robin Hood huset, FRI Vestland og Vestland innvandrarråd. Utover dette, jobbar vi for å vere eit rådgjevande organ, ein bidragsytar for kompetanseheving og leggje til rette for nettverksbygging på tvers av organisasjonane. Tilsette i fageininga er tilgjengelege for rådgjeving når det gjeld spørsmål knytt til tilskotssøknadar, og viser gjerne til døme på prosjekt som har fått innvilga tilskot tidlegare.

Kva gjer vi?

Gjennom nettverksbygging, fysiske og digitale samlingar og dømer på gode løysningar, vil Vestland fylkeskommune medverke til å legge til rette for samarbeid mellom frivillig sektor og kommunane og arbeide for å skape gode arenaer for innvandrarar, også utanom introduksjonsprogrammet.

Vestland fylkeskommune arrangerer konferansar kor mellom anna frivillige organisasjonar, kommunar og andre aktørar og interesserte inviterast inn. Til dømes har vi arrangert konferanse om situasjonen for papirlause i Vestland. 

Vi legg til rette for møteplassar kor vi tek opp aktuelle tema på integreringsfeltet. Mellom anna frukostmøter, webinarar osb. Samlingar som dette kan bidra til både kompetanseheving og nettverksarbeid. Fylkeskommunen møter jamleg organisasjonar i frivillig sektor.