Gytri bru skal bli ny

Brua over Gytrielva i Oldedalen er i dårleg forfatning, men innan neste turistsesong skal ei ny bru stå klar.

Veg med bru som kryssar elv, eit vatn i bakgrunnen.
OLDEDALEN: Gytri bru på fv. 5724.

Vestland fylkeskommune signerte i dag kontrakt med Kveen AS frå Stryn. Kontrakten har ein verdi på om lag elleve millionar kroner.

Lengre og breiare

Dagens betongbru skal rivast, og ei ny bru skal byggast på same stad. Også den blir i betong og blir om lag 21 meter lang. Den nye brua blir både lengre og breiare, med passasje for to bilar, og busslomme på begge sider.

I anleggsperioden skal trafikken gå på ein omkøyringsveg oppstraums for brua.

– Dermed kan trafikken gå tilnærma som vanleg, men med nedsett fartsgrense gjennom anleggsområdet, seier byggeleiar Lasse Tefre i Vestland fylkeskommune.

Må unngå turistsesongen

Tre menn sit ved bord, to av dei gjev kvarandre eit handtrykk.
OPPSTARTSMØTE OG KONTRAKTSIGNERING: Fv. Byggeleiar Lasse Tefre, Gunnar Solbakken, leiar utbygging nord og dagleg leiar i Kveen AS, Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

Dagleg leiar i Kveen AS takkar for tildelinga. 

– Dette arbeidet passar godt inn i vinterplanen vår, og vi er godt rusta til å løyse dette oppdraget på ein god måte, seier Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

Bru-prosjektet er i seg sjølv ganske kurant, men tidsaspektet er utfordringa. Prosjektet må gjennomførast i perioden mellom turistsesongane, frå oktober og ut april neste år. Det fordrar god koordinering av arbeidsprosessane. 

Oppdragsgjevar fylkeskommune har tiltru til at entreprenøren vil løyse oppgåva.

– God planlegging og gjennomføringsevne, kombinert med god HMS, blir viktig i dette prosjektet. Vi har absolutt tru på at dette vil la seg gjennomføre, seier Gunnar Solbakken, leiar for utbyggingsprosjekta i område nord, tidlegare Sogn og Fjordane.

Dei neste par vekene skal gjennomføringsplanane spikrast, og partane skal igjennom ei  samhandlingsfase. Bygging av omkøyringsveg blir det første som må på plass, før den gamle brua vert riven. Ny bru må vere klar til å ta i mot trafikk innan 1. mai 2024.