foto frå utdelinga av E-Visionary Award i 2021. fylkesordførar Jon Askeland deltek på skjerm til Kina
I KINA: E-Visionary Award vart delt ut i Kina 28. juni 2021. Fylkesordførar Jon Askeland deltok på skjerm og takka for prisen, som Vestland fylkeskommune fekk for satsinga på elektrisk mobilitet. Foto: Elbilforeningen

Heider og ære til Vestland

Klimaarbeidet til Vestland fylkeskommune blir lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt, i form av både pristildelingar og medieomtale.

Tidlegare i år fekk Vestland fylkeskommune den prestisjetunge internasjonale prisen E-Visionary Award for arbeidet med satsinga på elektrisk mobilitet. Det inkluderer arbeidet med elektriske ferjer og kollektivtransport, i tillegg til satsinga på hurtigladeinfrastruktur og krav til nullutslepp i drosjenæringa.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

– Det var ei stor ære å få denne prisen på vegner av innbyggjarane i Vestland fylke. Ferjerevolusjonen starta her, og no er vi det området i verda med flest elektriske ferjer. I tillegg er vi ein av regionane i verda med høgast elbilsal. Fylkeskommunen jobbar knallhardt for å bli eit nullutsleppsfylke i 2030, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Pris for grøn drosjeframtid

Dette var ikkje den første prisen Vestland fylkeskommune har fått for arbeidet med å skape eit meir berekraftig og klimavenleg fylke. I oktober 2020 tok fylkesvaraordførar Natalia Golis imot andreplassen i klimaprisen til KLP for den grøne omstillinga i drosjenæringa.

foto av fylkesvaraordførar Natalia Golis som tek imot andreplassen i klimaprisen til KLP i 2020
UTSLEPPSFRIE DROSJAR: Fylkesvaraordførar Natalia Golis tok imot prisen på vegner av Vestland fylkeskommune i oktober 2020. Vestland fylkeskommunen fekk KLP-prisen for arbeidet med grøn omstilling i drosjenæringa. Foto: Roar Grønstad/KLP

Bakgrunnen for tildelinga er prosjektet «Grønn omstilling i drosjenæringa». Fylkestinget har vedteke at det skal vere nullutslepp frå drosjenæringa i Hordaland frå 2024. Prisen var på 150 000 kr og gjekk til vidare klimaarbeid i Vestland fylkeskommune.

The New York Times

Elektrisk transport utgjer ein stor del av klimaarbeidet til Vestland fylkeskommune, og det blir lagt merke til også på andre arenaer enn prisutdelingar. I haust sende The New York Times både journalist og fotograf til Bergen for å sjå korleis fylkeskommunen har jobba med elektrifisering av transport.

Artikkelen handla om Berlin, Bogotá og Bergen.

foto av journalist frå New York Times i Bergen
ELEKTRISKE BERGEN: Journalisten og fotografen frå The New York Times var i bergensområdet i tre dagar for å hente stoff til artikkelen om elektrifiseringa av transport i området. Foto: Sølve Dag Sondbø, Vestland fylkeskommune

– Det var stas. Og ei stor fjør i hatten for både politikarar og administrasjon som har jobba godt og målretta med nullutslepp i mange år no. Vi veit sjølve kva vi har fått til, men det er klart at det monnar ekstra når det blir bretta ut på ei global scene, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Merk at du må registrere ein gratis brukarkonto hjå The New York Times for å kunne lese artikkelen.

I haust har fylkesordføraren i tillegg hatt besøk og blitt intervjua av den belgiske tv-kanalen VRT, som er den flamske allmennkringkastaren. Også dei var interesserte i elektriske bussar og ferjer og paradokset det norske, grøne skiftet og Noreg si rolle som stor oljeprodusent.

Klima- og miljøprisen

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ein klima- og miljøpris på 70 000 kr til personar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid.

Så langt er prisen delt ut to gonger, til Bergen Havn AS og Invertapro AS.

Prisen blir lyst ut på nytt på nyåret 2022. Fristen for å føreslå kandiatar til klima- og miljøprisen 2022 blir 28. februar. 

foto av Invertapro AS, som fekk klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune i 2021

Invertapro AS på Voss fekk klima- og miljøprisen 2021. Foto: Invertapro AS

Prisar til Hordaland

Det var Hordaland fylkeskommune som i si tid starta den elektriske ferjerevolusjonen tilbake i 2016, då fylkestinget sette strenge miljøkrav i ferjeanboda. Det vart lagt merke til.

I 2016 fekk Hordaland fylkeskommune Zero sin pris for Årets lokale klimatiltak for nemnde miljøkrav. Og i 2018 fekk fylkeskommunen Elbarometerprisen for å ha teke ei aktiv rolle både med ferjeanboda og for å leggje til rette for utbygging av hurtigladarar for elbil. Initiativtakarar til prisen var Miljøstiftelsen Bellona og Elektroforeningen.