Syklar du til jobb? Her kan du parkere sykkelen din

No er det etablert fleire trygge sykkelparkeringar i bergensområdet. Ved Åsane terminal har sykkelhotellet blitt oppgradert med ei tryggare løysing, medan det har kome heilt ny sykkelparkering ved Ågotnes terminal.

foto av mann som setter en sykkel inn i et sykkelskap
TØRT OG TRYGT: Sykkelskap er den tryggaste formen for sykkelparkering, og er å finne fleire stader i Bergen. Her frå Høyden ved HF-biblioteket i Bergen sentrum. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune har sett i gang eit prosjekt for å sikre fleire trygge sykkelparkeringsplassar i bergensområdet.
 
Prosjektet er eit samarbeid med kommunane i Miljøløftet (Bergen, Askøy, Alver, Bjørnafjorden og Øygarden), der målet er å gjere det enklare og tryggare å nytte sykkel i sine daglege gjeremål, eller som ein del av reisekjeda.

Per no er det følgjande typar sykkelparkering i Bergensområdet:

  • Sykkelstativ med lås
  • Sykkelskap
  • Vanleg sykkelparkering
  • Sykkelparkeringshus
  • Sykkelhangar (bebuarparkering)

Åsane først ut med ny type sykkelparkering

Ved Åsane terminal har Vestland fylkeskommune etablert ein ny type sykkelparkering inne i sykkelparkeringshuset ved terminalen. Den nye typen sykkelparkering skal gje eit tryggare og praktisk alternativ til dei tradisjonelle sykkelstativa som står der.

Til no prøver vi eitt stativ med plass til 12 syklar på terminalen. Stativa vart installerte på nyåret, og er klare til sykkelsesongen som no er like om hjørnet med blant anna Sykle til jobben-kampanjen frå 3. mai.

Målet er at både folk med ærend i sentrale delar av Åsane, og folk som vil nytte sykkel som ein del av reisa til jobb skal nytte seg av desse stativa, utan å bekymre seg for om sykkelen står trygt.

I februar vart det også installert tilsvarande stativ for ti syklar ved Ågotnes terminal.

foto av sykkelparkering inne i eit bygg
INNANDØRS PARKERING: Sykkelparkeringshuset ved Åsane terminal vart installert på nyåret for å vere klar til sykkelsesongen som i desse dagar startar for fullt. (Foto: Robin Normandie for Baia Mobility)

Korleis bruke dei nye sykkelstativa?

Ved Åsane terminal må ein låse seg inn i sykkelparkeringshuset ved hjelp av eit bankkort. Når ein kjem inn, har ein ulike alternativ for korleis ein kan låse opp sykkelparkeringa. Ein kan nytte bankkort, ulike personlege adgangskort eller brikkar med RfID, eller ein kan laste ned appen Bikeep. Dersom ein nyttar appen kan ein på førehand sjå kor mange parkeringsplassar som er ledige, og kvar ein finn næraste parkering. Det er heilt gratis å nytte parkeringa.

foto av sykkelstativ
NYE SYKKELSTATIV: I februar vart det installert sykkelstativ for ti syklar ved Ågotnes terminal. Det er heilt gratis å nytte parkeringa. (Foto: Robin Normandie for Baia Mobility)

Sykkelskap

Over lengre tid har det vore nytta sykkelskap frå Bikely for å tilby trygg sykkelparkering på ulike lokasjonar. Sykkelskapa tilbyr tørr og trygg sykkelparkering, og det er plass til å legge frå seg både sykkelhjelm og sekker/sykkelvesker. Dette er den aller tryggaste formen for sykkelparkering. Til no er det plassert ut sykkelskap på følgjande lokasjonar i Bergen:

  • Bergen busstasjon
  • Kim Frielesplass (ved Rådhuset)
  • Høyden, ved HF-biblioteket
  • Landås skole
  • Sletten senter
  • Lagunen (Lagunen eig disse boksane)
  • Fyllingsdalen terminal

Du kan og nytte Bikely-kartet og sjå kvar sykkelskapa er plasserte. Til no er det over 1500 unike brukarar av sykkelskapa, men det er framleis god kapasitet til at fleire kan nytte denne ordninga. Det kjem og fleire skap framover. 

Korleis bruke sykkelskapa

For å bruke Bikely sine sykkelskap må du laste ned Bikely-appen. Appen gir deg tilgang til å opne og låse skapdørene, sjå kor mange ledige skap det er, reservere skap før du drar heimanfrå, og kontakte kundeservise ved behov.

For å bruke sykkelskapa er det litt ulike prismodellar som gjeld, for dei aller fleste skapa er det gratis å låne dei i inntil fire timar, så kostar det 10 kroner timen etter dette. For sykkelboksane ved Fyllingsdalen terminal kostar det 10 kroner å opne døra, så kan du stå parkert i 12 timar, deretter kostar det 10 kroner timen. På Lagunen er det gratis i tre timar, deretter 10 kroner timen. Du må registrere bankkort for å ta i bruk appen.

foto av sykkelskap
KJEM FLEIRE AV DESSE: I dag er det 1500 unike brukarar av sykkelskapa, men det er framleis god kapasitet. Det kjem og fleire skap framover. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)

Erfaringar frå andre stader

Sykkelboksar har vore eit tilbod i Bergen kommune i fleire år, og bruken av dei er stadig aukande.

For dei nye stativa er det henta inn erfaringar frå andre delar av landet. Fyrst ut var Kolsås stasjon i Bærum kommune, og erfaringar derifrå syner at bruken av sykkelhotellet på t-banestasjonen har auka vesentleg. I tillegg har ein sett at løysinga er trygg, utan noko tjuveri etter at den nye løysinga var på plass i oktober 2022.