Søk TT-kort

Kven kan søkje om TT-kort?

  • Ordninga gjeld personar over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje kan nytte buss.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.

Kva kan du søkje om?

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukar).

Korleis søkjer du?

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema med samtykkeerklæring og legeerklæring. Det er viktig å grunngje kvifor du som søkjar ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa må vere underteikna og stempla av lege. Dersom du er blind/sterkt svaksynt må det i tillegg leggjast ved dokumentasjon frå augelege. Er du avhengig av rullestol må kopi av vedtak frå NAV leggjast ved.

Du kan sende inn søknad på tre ulike måtar:

  • Digitalt søknadsskjema 
  • eDialog
  • via Posten

Digitalt søknadsskjema

Du kan nytte digitalt søknadsskjema der du loggar inn via ID-porten. Dine personopplysninger vil automatisk bli utfylt. Du svarar på nokre spørsmål om di helsetilstand og lastar så opp legeerklæringa. Ved å benytte dette digitale søknadsskjemaet mottek vi søknaden direkte i vårt sakshandsamingssystem. Dette er ein sikker måte å sende inn personopplysningar på.

eDialog

Når du har motteke legeerklæringa og fylt ut søknadsskjema (papirversjon) kan du scanne/ta bilete og laste dei opp via vår teneste eDialog. Du må logge inn via ID-porten for å nytte denne løysninga. Dette er ein sikker måte å sende inn personopplysningar på.

Posten

Søknadsskjema med samtykkeerklæring og legeerklæringsskjema sendast ferdig signert og utfylt via posten. Denne innsendingsmåten vil ta lengre tid enn dei to andre alternativa. Søknaden kan sendast til:

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Skjema for utfylling på papir

Her finn du søknadsskjema til TT-kort (pdf)

Her finn du skjema som legen skal fylle ut (legeerklæring)(pdf)

Her kan du lese personvernerklæringa.

Kven behandlar søknaden?

Fylkeskommunen gjer vedtak i saka. I tvilstilfelle nyttar administrasjonen ei legenemnd som rådgjevande organ. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla.

Du kan klage på avslag

Får du avslag kan du sende klage til: 

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen

Informasjon om TT-kort og kvoter finn du her.