Skal samarbeide for å kartlegge havbotnen

Hovudutval for næring gir fylkesdirektøren fullmakt til å inngå avtaler om marine grunnkart for å kartlegge havbotnen og biologiske og fysiologiske tilhøve der.

Folk som går på ei flytebrygge ved eit oppdrettsanlegg.
SKAL KARTLEGGE: Avgrensa delar av Vestland vert kartlagt med tanke på å planlegge og plassere til dømes akvakulturverksemd. Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune.

Dette inneber at avgrensa deler av Vestland vert kartlagt med tanke på å planlegge og plassere til dømes akvakulturverksemd.

Kartverket, Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskningsinstituttet (HI) samarbeider om å samle inn og dele kunnskap og data om havbotn langs kysten av Noreg gjennom den nasjonale satsinga «Marine grunnkart i kystsonen».

Ytre Hardanger og Bømlo

NGU, HI og Kartverket har no signalisert at dei kan inngå avtale med Vestland fylkeskommune om eit kartleggingsprosjekt, og at området Ytre Hardanger og Bømlo peiker seg ut for kartlegging i 2023.

I Vestland har prosjektet tidlegare sett på Bjørnafjordområdet, etter innspel frå aktuelle kommunar. Det syner seg at det er relativt dyrt med marine grunnkart i dette området. Dette fordi djupnedata er gamle og ikkje gode nok for den vidare kartlegginga som NGU skal gjere med marine grunnkart.

6 millionar i Vestland

Det er i budsjettet for 2022 avsett 4 millionar til marine grunnkart i tillegg til 2 millionar som er avsett til distrikts- og lokalsamfunnsutvikling.

– Med eigenfinansiering på 6 millionar vil vi kunne utløyse kartleggingsprosjekt med ein høgare totalkostnad. NGU har signalisert at dei kan gå inn med 3 millionar kroner. Med ein totalkostnad på 9 millionar kroner vil vi kunne kartlegge 500 km², seier Tor André Ljosland, leiar for hovudutval for næring.

Han legg til at kor mykje andre aktørar kan bidra med vil bli avklart når dei er klare til å inngå avtale. Dette gjeld mellom anna dei aktuelle kommunane.

Kva skal kartleggast?

Kartlegginga av havbotn vil blant anna handle om relativ hardheit på botn, botnsediment, botnfellingsområde, ankringsforhold og miljøtilstand. I tillegg til dette vil det bli laga eit naturtypekart utarbeidd av HI og eventuell ny kartlegging og datainnsamling av grunne område i regi av Kartverket.

Vil du vite meir? Sjå saksframlegget. Klikk på denne lenka og gå inn på sak PS 78/2022.