Leiestjerner vann trafikktryggingsprisen

Arne Aase og Trygve Hillestad har lagt ned ein innsats langt utover kva det er rimeleg å forventa.

Foto av to menn som held eit diplom med teksten trafikktryggingsprisen. Det står ei kvinne mellom dei.
TO PRISVINNARAR: Knut Olav Nestås (t.v.), som tok imot prisen for Arne Aase, og prisvinnar nummer to Trygve Hillestad saman med Jannicke Clarke, leiar for trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune. (Foto: Silje Christine Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut trafikktryggingsprisen til nokon som har utmerka seg i trafikktryggingsarbeidet. Både personar, lag og organisasjonar kan motta prisen på 50 000 kroner.

I fjor vann foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Alversund skule.

I år er det Arne Aase og Trygve Hillestad som får prisen. Til felles har dei har eit langt og aktivt engasjement for trafikktryggleik, både på jobb, på fritida og etter pensjonsalder.

Aktiv sidan 70-talet

Arne Aase har jobba som trafikklærar ved trafikkskule, førarprøvesensor og trafikkpedagog i Statens vegvesen. Han var først fylkessekretær og etter kvart distriktsleiar for Trygg Trafikk i Hordaland mellom 1987 og 2014.

– Arne har ånda for trafikktryggleik sidan han byrja i trafikkskulebransjen på midten av 1970-talet. Det har han vist gjennom mange år med langt fleire arbeidde timar enn han nokon gong har fått betalt for, seier Jannicke Clarke, leiar for Trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune.

Aase var med på å etablera minnemarkeringsarrangementet for pårørande av omkomne i vegtrafikken på slutten av 1990-talet, russerebusen for Bergen og omegn tidleg på 1990-talet, Trafikksikkerhetsdagen og veldig mykje meir. Han var også med å starta opp Trafikkfaglig Samarbeidsutvalg (TSU) i Nordhordland, eit samarbeid mellom blålysetatane og Trygg Trafikk i Nordhordland etter mange ulykker over tid i denne regionen.

Fagleg sterk

Då Arne blei pensjonist heldt han fram det frivillige og ulønna arbeidet i TSU, noko han held på med framleis.

– Det seier litt om Arne. Han er fagleg sterk, engasjert og ein som aldri seier nei. For meg som ung og ny «arvtakar» har han vore gull verd, både som kontinuitetsberar og samarbeidspartnar. Eg set oppriktig pris på han og er veldig takksam for alt han har gjort og framleis gjer, seier Knut Olav Nestås i Trygg Trafikk, som er den som har nominert Arne til trafikktryggleiksprisen.

Nestås tok imot prisen på vegner av Aase som diverre ikkje kunne vere til stades for å ta imot sjølv.

– Arne har gjort så mykje forskjellig, og samtidig gjort så mykje meir enn kva det er rimeleg å «forventa». Det gjer at eg synest Arne er ein svært god kandidat til prisen.

Sterke fortellingar

Den andre vinnaren av trafikktryggingsprisen er Trygve Hillestad, mangeårig tilsett både i Norsk luftambulanse og informasjonssjef ved Hordaland politikammer.

Trygve starta opp eit førebyggande russearrangementet i Grieghallen tilbake i 1989. Sidan den gong har mange titals tusen avgangselevar fått høyra sterke fortellingar om kva konsekvensar trafikkulykker kan ha.

I perioden 1989–2019 vart russearrarngementet gjennomført fysisk i Grieghallen, men i unntaksåret 2020 vart arrangementet avlyst. Trygve jobba med å spela inn ein trafikksikringsfilm, som formidla noko av den same bodskapen som tidlegare vart formidla i Grieghallen. Filmen er framleis i bruk.

Når ut til fleire

Med digitalisering av arrangementet har det òg gjeve høve til å inkludera fleire skular frå heile fylket enn før. Vel 30–35 skular har vist filmen ved dei vidaregåande skulane dei par siste åra.

– Trygve har lagt mange hundre timar i arbeidet med russ og avgangselevar sidan 1989, det meste har vore frivillig innsats. Sidan 2018 har han vore brukt av Trygg Trafikk, som ein koordinator for arrangementet i Grieghallen og seinare filminnspelinga. Trygve har også gjennom dette arbeidet fått tett og god kontakt med mange trafikkskadde og pårørande. Ein engasjert, empatisk og dyktig kar, som er ein veldig fortent kandidat til trafikktryggingsprisen, seier Clarke.

Juryen skriv dette i grunngjevinga si:

Både Arne og Trygve har jobba med russ og avgangselevar over lang tid i ein periode der ungdom som trafikantgruppe har vorte mindre risikoutsette enn før. Det er sjølvsagt samansette grunnar til at det er slik, men førebyggande innsats som nettopp den Trygve og Arne har lagt til grunn, bør få ein liten del av æra for suksessen. Dei har vore føregangsfigurar og leiestjerner over lang tid og nedlagt ein stykke innsats langt utover kva det er «rimeleg å forventa».