Ny fylkesveg gjennom Alver opna etter tre års arbeid

30. april klypte fylkesordførar Jon Askeland snora for den nye 7,5 km lange fylkesvegen gjennom Alver i Nordhordland. Store og små var samla for å markera opninga av ein ny og etterlengta veg.

Biletet viser fylkesordførar Jon Askeland, som klipper snoren på opningsmarkeringa saman med skuleborn.
Dei aller første brukarane av vegene var elavane på Austebygd, som hadde sykkeldag her før helga. Då var det ekstra stas at det var dei som verkeleg opna vegen. Foto: Lasse Kolbjørn Anke Hansen/Vestland fylkeskommune

Marås–Soltveit er ein heilt ny del av fylkesveg 565 i Alver kommune, og er ein del av Nordhordlandspakken, eit spleiselag mellom fylket og bileigarane. Vegen er ein ny motorveg med gulstripe, noko som ikkje er kvardagskost i Nordhordland.

– Vegen er ein del av og det største prosjektet i Nordhordlandspakken, så det er god grunn for at så mange samlast her i dag. Nordhordland har gjennom pakken løfta saman for å byggje folket nærare kvarandre, seier fylkesordførar Jon Askeland  

Hadde sykkeldag før opninga

I mai 2021 var det byggjestart, og tre år etter kunne altså fylkesordførar Jon Askeland offisielt opna den nye fylkesvegen.

Prosjektet vart i 2019 lyst ut av Statens vegvesen som ein totalentreprise, og Vestland fylkeskommune tok over stafettpinnen i januar 2020. 25. april 2024 kunne entreprenør Vassbak og Stol AS overlevera det ferdige anlegget.

Dei aller første brukarane av vegene var elevane på Austebygd, som hadde sykkeldag her dagen etter overlevering, men no kan dei bruke gamlevegen til sykkeldag heretter.

Det største prosjektet sidan Nordhordlandsbrua

Ein stor del av den nye vegstrekninga har vorte bygd i urørt terreng. Entreprenøren hadde ansvar for prosjektering av veganlegget sjølv, som gav dei høve til å vise ekspertisen sin gjennom optimalisering av vegtraseen. Det vart gjort justeringa for å minimere terrenginngrep, avgrense masseuttak, og redusere klimagassutslepp.

– Eg gratulerer og takkar alle som har prosjektert, planlagt og bygd vegen. Det er eit flott veganlegg, og det er eit stort veganlegg, faktisk det største sidan Nordhordlandsbrua, og for vegfolk er det å byggje såpass mykje heilt ny veg ein draum, har me lesa. Eg takkar også naboar, grunneigarar og alle som er ramma av prosjektet.  

Entreprenøren har halde oppe god framdrift gjennom mellom anna å arbeida i begge retningar samtidig og ved å nytta fleire massedeponi. Veganlegget er også utforma med tanke på å minimere behovet for rekkverk og opne grøfter for å redusere framtidige vedlikehaldskostnader.

Biletet viser nye fylkesvegen Marås-soltveit
Ein stor del av den nye vegstrekninga har vorte bygd i urørt terreng. Det vart gjort justeringa for å minimere terrenginngrep, avgrense masseuttak, og redusere klimagassutslepp. Foto: Vestland fylkeskommune

Tryggleik og ytre miljø i sentrum

Fleire plassar er det lagt til rette for fiskevandring, amfibium, småvilt og storvilt gjennom ein av dei ovannemnde kulvertane, og i samband med dette er det i tillegg montert 800 meter viltgjerde for å leie storvilt trygt under vegen.

Sjølv om eit slikt prosjekt berører mange grunneigarar, har dei fleste uttrykt positivitet overfor den nye vegen. Dette markerer ein stor milepæl for samferdselsutviklinga i regionen og vil forhåpentleg bidra til auka tilgjengelegheit og tryggleik på vegane.

Fylkesordføraren har sjølv gjennom fleire vegopningar sett verdien av at folk kjenner seg trygg.

– I vervet mitt har eg fått vore med på nokre vegopningar. Eg har sett eldre menn gråta i glede over at særs rasfarlege fjellsider i Årdal og Stryn har vorte omgjort til rassikker tunnel. Eg har også sett folk i Kvamsvågen gråta i glede over trygg Kvamsbrekka. Vi skjønar alle verdien av at vi kjenner oss trygge.

Etter vegopning vil det stå at mindre utbetringsarbeid på den gamle vegen. Dette let seg enklare utføra når ein kan leia trafikken til den nye vegen.

– Men først er det fest og glede. No skal vi saman markere opninga av ein etterlengta veg, som gir etterlengta betra kvardagsliv i Austebygd, og kortare veg mellom folk i Nordhordland, seier Askeland.

Biletet viser to kaker, med en sjokoladekake med spørsmålet "nye vegen?"
"I dag har Radøy fått ein ny nyeveg. Alle lokalkjende veit kva eg då siktar til,- den femtitre år gamle vegen lengre sør. Vert den framleis heitande nyevegen også, eller får vi no to nyevegar?", spør fylkesordføraren. Foto: Lasse Kolbjørn Anke Hansen/Vestland fylkeskommune