Hydrogendrivne hurtigbåtar vil revolusjonere det maritime grøne skiftet

Framtidas hurtigbåt er eit samarbeid mellom dei fire fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland og Finnmark. No har teknologivinninga kome til eit avgjerande punkt i val for vegen vidare.

Fotocollage med to illustrasjonar av hurtigbåtar drivne med hydrogen.
FRAMTIDAS HURTIGBÅT: Designfasen av prosjektet Framtidas hurtigbåt er no avslutta, og to leverandørar har levert innovative design på hurtigbåtkonsept med hydrogen som energiberar.

Prosjektet Framtidas hurtigbåt er støtta av Klimasats. Det er eit gjennomgåande prosjekt heilt frå skissestadiet til fullverdige båtar som opererer i minimum 30 knops fart i ordinær hurtigbåttrafikk. 

– Hurtigbåttransport er avgjerande for effektive bu- og arbeidsmarknadar langs kysten. Utsleppa frå hurtigbåtane er i dag høge, men gir samtidig store moglegheiter for klimakutt samanlikna med andre transportformer. For lokale og regionale utslepp, så er nullutslepp på hurtigbåtane veldig viktig, seier prosjektleiar Rolf Ole Jensen. 

Hydrogen er ei av løysingane 

Hurtigbåtar har vesentleg høgare energiforbruk og klimagassutslepp enn bussar og ferjer. Elektrifiseringa av ferje og buss er godt i gang, men det grøne skiftet heng mykje etter når det gjeld hurtigbåtar.  

– Prosjektet Framtidas hurtigbåt har hatt to løp. Det eine er hurtigbåtar med energieffektivt design og det andre er hurtigbåtar med hydrogen som energiberar, fortel Jensen.

Hurtigbåtar med hydrogen som energiberar 

Designfasen vart starta i 2021, og vart nyleg offisielt avslutta. To leverandørar har levert innovative design på hurtigbåtkonsept med hydrogen som energiberar. No står det att å få bygd fartøy som kan vere pilotar i uttesting og overgang til ordinær rutetrafikk.

– Hydrogen er best eigna for dei lange rutene med stor passasjerkapasitet, forklarer Jensen. 

Under eit nyleg avhalde hydrogenseminar, arrangert av dei fire fylkeskommunane, fekk dei to leverandørane presentere designa sine.

– Begge desse designa har fått førebels godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet, seier Jensen.  

Designa av ESNA 

ESNA sitt forslag til hurtigbåtdesign med hydrogen som energiberar er basert på SEST, surface effect ships-teknologi. Dette er fartøy som bruker luftputer til å løfte skroget delvis ut av vatnet, noko som bidreg til låg motstand og god rørsle. Dette designet er med på å få ned energiforbruket. Båten dei presenterte, har dei valt å kalle The Arctic tern.

– Skrogforma er designa for ekstremt låg motstand, noko som gir gode sjøeigenskapar og minimalt med sjøsprut i høg fart. Overbygget er designa for låg luftmotstand og vindgenerert støy. Hydrogenområdet skal vere bak, og passasjerområdet framfor, forklarer Nere Skomedal, designar i selskapet ESNA.

Illustrasjon av hurtigbåt driven med hydrogen.
Slik kan framtidas hurtigbåt sjå ut. (Illustrasjon: ESNA)

Romsleg båt

ESNA-båten skal ha plass til 275 passasjerar, med 174 på hovuddekk og 101 i salongen. Båten vil vere 38 meter lang, 15,2 meter høg, og han er halden så kompakt som mogleg.

– Båten kan ha ein maksfart rundt 40 knop, og ein servicefart på 35 knop. Rekkjevidda er heile 160 nautiske mil, seier Skomedal.  

TECO 2030 og Umoe 

Også TECO 2030 og Umoe har i samarbeid utvikla eit design basert på SES-teknologi.

– Designet vårt har to faste sideskrog, med skjørt framme og bak. Vi brukar viftesystem for å blåse opp ei luftpute som gjer at båten blir løfta ut av vatnet. Det gir lågare energiforbruk, fortel Fredrik Aarskog, direktør for forretningsutvikling i TECO 2030.

Illustrasjon av hurtigbåt driven med hydrogen.
Slik kan framtidas hurtigbåt også sjå ut. (Illustrasjon: TECO 2030 og Umoe)

Låg vekt og stor passasjerkapasitet 

TECO 2030 og Umoe har utvikla ein kompakt brenselcellemodul med låg vekt som er ekstra relevant for hurtigbåtar som er veldig vektsensitive.

– Gjennom prosessen har vi starta med å oppfylle dei maritime krava, for så å optimalisere produktet. 

TECO har gjort ein del forbetringar samanlikna med det som fanst i marknaden frå før, noko som gjer teknologien betre tilpassa hurtigbåtsegmentet.

– Denne båten er 35 meter lang, har ein toppfart på 45 knop og rekkjevidde på over 200 nautiske mil. Båten kan ha opptil 280 passasjerar, seier Aarskog.

– Staten må på bana 

No har prosjektet Framtidas hurtigbåt komme til eit punkt der fylkeskommunane er avhengig av statleg medfinansiering for å få fullført prosjektet. Leiar i styringsgruppa for Framtidas hurtigbåt, Odd Inge Bardal, vil ha staten med vidare for å sikre framdrift.

– Hurtigbåten er jo det einaste alternative transportmiddelet for svært mange øyområde langs kysten. Med nye, utsleppsfrie hurtigbåtar vil vi sikre ein effektiv og miljøvennleg transport for store bu- og arbeidsmarknadsregionar, langs den langstrekte kysten vår, avsluttar Bardal.